Butikk/Sal
I butikken hjå Møgedal Mek. Verkstad finn ein det meste ein treng til både hus, hytte, hage og gardsdrift. Tradisjonelt sett har Møgedal vore gode på maskiner og reidskaper til landbruket og andre primærnæringar, etterkvart har dei også styrka butikken og tilbodet inn mot hus, hage og hytte. I dag har dei eit variert utval av blant anna robotklipparar, motorsager, klede, vernetilbehør, sko, hagereidskaper med meir. Kom gjerne innom for å sjå det breie utvalet av varer, og ikkje minst for å sikre deg eit godt tilbod!
Møgedal Mekaniske Verkstad er gode på traktor, ATV, snøscooter og landbruksmaskiner. Hjå Møgedal får du gode råd om kva traktor som passar til din gard
og di drift, her kan ein få god rådgjeving og ikkje minst gode tilbod som passar deg. Geir Bakka og resten av dei tilsette hjå Møgedal har mykje kunnskap om både New Holland og Case.