Autagro Møgedal
Møgedal Mek. Verkstad vart starta av brødrene Knut og Asbjørn Møgedal.
Firma vart etablert i mai 1973 med verkstad i ein gammal garasje, etterkvart kom behovet for meir plass, og i 1985 flytta verksemda inn i nye lokaler ved Bergekrossen.
I 2004 vart firma seldt til Geir Bakka, som har arbeidd i firmaet sidan 1980, I 2010 kom også brødrene til Geir, Werner og Leif Bakka inn på eigarsida.
Firmaet har ved fleire høve blitt kåra til Årets forhandlar, og
mottok i 2001 prisen for Årets Suldalsbedrift. I 2017 fekk også bedrifta den gjeve merkevareprisen frå Ryfylkealliansen, med bakgrunn i rolla bedrifta speler som Ryfylkeambassadør og nettverksbyggar. Leif Bakka har hatt jobben som dagleg leiar i bedrifta sidan 2007, i dag sysselset Møgedal Mek. Verkstad 7 personar. November 2020 kjøpte Årdal Landbruk aksjane i Møgedal Mek. Verkstad, dermed har dei to bedriftene samla seg for å stå sterkare i ein tøff marknad. Drifta hjå Møgedal held fram som vanleg, og brødrene Bakka har dei same nøkkelrollane også framover. I 2023 skifta avdelingane namn til Autagro Møgedal og Autagro Årdal.