Foto: Judith Sørhus Litlehamar

Møgedal Mek. Verkstad

Møgedal Mekaniske Verkstad AS vart starta av brødrene Knut og Asbjørn Møgedal. Firma vart etablert i mai 1973 med verkstad i ein gammal garasje, etterkvart kom behovet for meir plass, og i 1985 flytta verksemda inn i nye lokaler ved Bergekrossen. I 2004 vart firma seldt til Geir Bakka, som har arbeidd i firmaet sidan 1980, I 2010 kom også brødrene til Geir, Werner og Leif Bakka inn på eigarsida. Firmaet har ved fleire høve blitt kåra til Årets forhandlar, og mottok i 2001 prisen for Årets Suldalsbedrift. I 2017 fekk også bedrifta den gjeve merkevareprisen frå Ryfylkealliansen, med bakgrunn i rolla bedrifta speler som Ryfylkeambassadør og nettverksbyggar. Leif Bakka har hatt jobben som dagleg leiar i bedrifta sidan 2007, i dag sysselset Møgedal Mek. Verkstad 11 personar.