Gründer, visesongar, komikar og forfattar Torolf Nordbø kjem til Møgedalsmarknaden i år!
Nordbø frå Finnøy er ein fargerik aktør, og mange kjenner han som ein humørfylt musikar og føredragshaldar som er mykje ute på vegen.
Opphavleg har Nordbø bakgrunn som lærer, men dei siste 20 åra har han derimot reist rundt som musikar, føredragshaldar og komikar - mange kjenner han nok i rolla som « Han innante». På Møgedalsmarknaden er det derimot ikkje revyartisten, men føredragshaldaren og musikaren Nordbø som kjem, han vil ha eit kåseri der det er rom for både skjemt og alvor.
Velkommen til Møgedalsmarknaden og eit fargerikt føredrag!