Stian og Geir
Foto: Espen Syljuåsen

To nye Norwegian Agro-forhandlarar

Møgedal Mekaniske Verkstad og Årdal Landbruk melder overgang til CLAAS og Norwegian Agro.

Etter å ha gått inn i 2022 med 32 sals- og servicestader, kan Norwegian Agro no presentere eit Noregskart med ytterlegare seks lokasjoner. Siste tilskot er Møgedal Mekaniske Verkstad og Årdal Landbruk, begge lokalisert i det viktige landbruksfylket Rogaland.

– Vi har vore i snakk med fleire og vurdert fleire alternativ, men for vår del har vi blitt overtydd om at dette er den rette vegen, fortel Stian Vadla, seljar og dagleg leiar for Årdal Landbruk.

– Både gjennom traktortestar i landbruksmedia, tilbakemeldingar frå kundar og det vi har sett og høyrd om eksempelvis graslinja, så blir CLAAS sett veldig høgt. Det verkar skikkeleg, og Norwegian Agro verkar og til å vere ein organisasjon som ser bonden og tar kundane på alvor. Det er tillitsvekkande, og gjer at vi har lyst til å vere med på deira reise, fortset Vadla.

Både Årdal Landbruk og Møgedal Mekaniske Verkstad er tidlegare A-K forhandlarar, med solid lokal forankring gjennom både lokalt eigarskap, og ein stor og stabil omsetnad.

– Vi gler oss over å styrke vårt forhandlarnettverk med enda to sals- og servicestader. Det er viktig å vere til stades for å nå ut til den norske landbruksmarknaden, for å kunne følge opp viktige maskinar i norsk matproduksjon. Våre to nye forhandlarar har lang erfaring og er godt kjent i distriktet, slik at vi er sikre på at dei skal ta godt vare på kundane og følje opp traktor og reiskap på en profesjonell måte, seier Jarle Kleppan, dagleg leiar for Norwegian Agro.

– Vi trur kundane også set pris på at vi kan tilby kvalitetsprodukt med styrka tilgang på service i området. No kan kundane  Møgedal Mekaniske Verkstad og Årdal Landbruk for å kjøpe blant anna CLAAS, Duun, Maschio, VM Loader, Bogballe og Tanco, som alle har aktuelle produkt for dette området. Det tek sjølvsagt litt tid å få alt på plass, men vi skal gjere vårt beste saman med dei nye kollegaene våre for å levere, fortset Kleppan.

Forhandlaravtalen blei signert 10. oktober, og no ventar ein intensiv opplæringsperiode for dei to nye Norwegian Agro-forhandlarane. Denne veka er det blant anna CLAAS traktorkurs og om litt står fabrikkbesøk på agendaen. I slutten av november vil dei også vere med å bemanne Norwegian Agro sin stand på Agrovisjon.

– Vi ønsker å gjere alt vi kan for å ivareta eksisterande kundar, men ser også fram til å møte nye kundar på Agrovisjon, der vi skal stå saman med våre kollegar i Torland Maskin og Velde Maskin. Vi har stor tro på retningsvalet vårt, og vi har ein klar ambisjon om å vekse mykje med CLAAS og Norwegian Agro, slår Vadla fast.

Om Møgedal Mek. Verkstad
Møgedal Mekaniske Verkstad vart starta av brødrane Knut og Asbjørn Møgedal i mai 1973. I 1985 flytta verksemda inn i nye lokalar ved Bergekrossen. I 2004 vart firma seld til Geir Bakka, som har arbeidd i firmaet sidan 1980. I 2010 kom også brødrane til Geir, Werner og Leif Bakka inn på eigarsida. Firmaet har ved fleire høve blitt kåra til Årets forhandlar, og mottok i 2001 prisen for Årets Suldalsbedrift. I november 2020 kjøpte Årdal Landbruk aksjane i Møgedal Mek. Verkstad, dermed har dei to bedriftene samla seg for å stå sterkare i ein tøff marknad. Drifta hjå Møgedal held fram som vanleg, og brødrane Bakka har dei same nøkkelrollene også framover.

Om Årdal Landbruk
Årdal Landbruk starta som ei avdeling av Møgedal Mekaniske Verkstad heilt i byrjinga av 90-tallet. Etter ein kort tid ble eigarskapet lokalt, og Årdal Landbruk AS ble stiftet som eige selskap i desember 1993. Når Årdal Landbruk i 2020 kjøpte aksjane i Møgedal Mek. Verkstad blei på mange måtar ringen slutta. Som ein betydeleg leverandør av utstyr og maskiner til landbruket i Ryfylke skal selskapa også i fortsettinga yte service frå øvste hylle, og levere riktige produkt for dekke behova til alle dei flinke bøndene som driver jordbruk i regionen.

Om Norwegian Agro Machinery
Norwegian Agro Machinery er ein av landets leiende leverandørar av maskiner og reiskap til landbruket. Vi representerer ei lang rekke sterke merkevarer, og er norsk distributør av CLAAS traktorar og haustemaskiner, samt reiskap frå blant annet Lemken, Horsch, Bogballe, Multiva og Duun. Vårt landsdekkande forhandlarnett består av meir enn 35 sals- og servicestader, der ein tredjedel er eigen-eigde avdelingar. Hovudkontoret på Jessheim samlar dei nasjonale aktivitetane i selskapet, altså slikt som import, marknadsføring, produktstøtte, serviceorganisering og reservedelshandtering. I alt har selskapet, som er eit dotterselskap i Danish Agro-konsernet, 100 medarbeidarar og en omsetnad årleg på 620 millionar kroner (2021).

Arkiv »