Snart klare til Møgedalsmarknaden!

Laurdag 5.oktober er det klart for årets utgåve av Møgedalsmarknaden.

Også i år blir det ein tradisjonell haustmarknad med god mat, handel, kåring av vèrlam, mønstring av føl, aktiviteter og varierte utstillarar. I fjor besøkte heile 2670 personar marknaden.

- Me gler oss til å skipe til denne festdagen i år også, seier dagleg leiar i Møgedal Mek. Versktad, Leif Bakka.  Han viser til at det denne dagen er gode tilbod i butikken, og ikkje minst på auksjonen som bedrifta også arrangerer. Møgedalsmarknaden er blitt fast tradisjon for mange fastbuande og hyttefolk i kommunen.

- Dette er ein flott marknadsdag med mange utstillarar, auksjon og mykje kjekt for borna. Det er ein dag for heile familien, der ein treff mange kjende, slår Leif Bakka fast.

Som alltid går marknaden av stabelen den første laurdagen i oktober. Her blir det aktiviteter for barn, loppemarknad og mange flotte utstillarar. Bakka dreg også fram samarbeidspartnarar som Suldal Sau og Geit, Sand Bygdekvinnelag,Bygdevon 4H og Ryfylke Fjordhestlag som er nokre av aktørane som gjer det mogleg å arrangere haustmarknad i Bergekrossen.

På marknaden er det gratis inngang, parkering og stand. Synlege vakter viser til kor ein kan parkere, og det går shuttelbuss frå gata og Garaneset. Marknadsgjengen har også kontroll på kor mange besøkjande som kjem. Alle får nemleg billett i inngangsporten som dei seinare kan vinne ein flott premie på.

Arkiv »