Professor bestemor til Møgedalsmarknaden

Professor bestemor kjem til Møgedalsmarknaden med eit humoristisk og interaktivt show



Professor bestemor kjem til Møgedalsmarknaden med  eit humoristisk og interaktivt show om molekyler og korleis ting oppfører seg i forskjellige temperaturer.På Møgedalsmarknaden blir det som alltid god gamaldags marknadsstemning med mellom anna auksjon, handel, god mat, underhaldning og kåring av vèrlam. Med Professor bestemor på laget blir det også god underhaldning for barna.



Musikk, flammar og flytande nitrogen er med på morroa i VitenShowet som Heidi Ektvedt frå Bergen står bak. Showet, som spesielt er retta mot dei yngste gjestene, kan du få med deg laurdag på marknaden. Showet passar for dei mellom 4 og 104 år.

Velkommen!


Arkiv »