Ny tilsett i butikken

Me er så heldige at me har fått med oss Kristine Rosså som nytilsett i butikken vår.

Ho har 15 år med butikkerfaring bak seg, no sist kjenner nok mange henne frå Sand Blomster.

No gler Kristine seg til å prøve noko nytt, og ikkje minst bli kjent med både dei tilsette og kundane hjå Møgedal.

- Eg likar nye utfordringar, så dette blir veldig kjekt. Eg er oppvaksen på gard, og har utdanning som blomsterdekoratør så eg har ein del kunnskap om det som gror og veks. Det blir spanande å få kunnskap om det varierte vareutvalet her i butikken, her har me det meste til både hage, gardsbruk og hytte, fortel ho smilande.

Arkiv »