Den nye servicebilen er no på vegen, og løyser store og små oppgåver.

Ny servicebil på vegen

A-K Møgedal Mek. Verkstad as har fått oppgradert og flott servicebil!




Dei dyktige mekanikarane Anders Erfjord og Geir Kjetil Østebø har fått bil med ein del nytt utstyr og kan dermed utføre større reperasjonar i tunet ditt enn dei kunne før.

Det er Anders som har fått namn og telefonnummer på bilen, men Geir Kjetil kjem også å bli sjåande på vegen i servicebilen. Han har allereie vore ute hjå fleire nøgde kundar som har fått god hjelp.
- Det er ein fordel at me kan utføre fleire oppgåver heime hjå kunden enn me kunne før, blant anna kan me utføre service på aircondition på traktor på plassen, istaden for at traktoren må inn her på verkstaden, seier dagleg leiar Leif Bakka som og viser til at kunden no slepp å betale for kilometerkostnad, kun for reisetida når mekanikaren er på veg ut til kunden.
- No har me kapasitet til å ta på oss fleire og større oppgåver enn før, og me hjelper til så raskt me klarer å kome oss ut på plass, seier verkstadleiar Trond Bog som er den som administrerer jobbane på verkstaden og får kabalen til å gå opp.

Arkiv »