Møgedal Mek. Verkstad søkjer no ein ny person som skal gå inn i bedrifta som dagleg leiar.
Dagens leiar, Leif Bakka, skal derimot ikkje slutte - men vere med vidare i eit styrka leiarteam. Bedrifta ynskjer å ruste seg for eit framtidig generasjonsskifte.
- Målet er å få denne nye personen inn så tidleg at han eller ho kan vere med å utvikle bedrifta saman med oss som jobbar her no. Eg skal absolutt også vere med vidare framover,men då er det ein annan som tar leiarjobben og ansvaret for dagleg drift, seier Leif Bakka og viser til at bedrifta har hatt sterk utvikling også etter at dei i 2020 valde å selje verksemda til Årdal Landbruk.
- For oss er det viktig at ein ny leiar får god kunnskap og kjennskap til kulturen og arbeidsmiljøet hjå Møgedal slik at han eller ho kan vidareføre dette samstundes som det naturlegvis er rom for å ta steg i nye retningar, og utvikle bedrifta vidare, seier Stian Vadla, som både er dagleg leiar i Årdal Landbruk og styreleiar i Møgedal Mek. Verkstad.
Møgedal Mek. Verkstad har ei lang historie, i snart 50 år har dei drive med sal og vedlikehald av snøscooter, ATV, traktor og reidskaper for landbruket. Møgedal har eige verkstadog butikk, og ei gruppe tilsette med mykje kompetanse og kunnskap på fagfeltet.
- Ein ny leiar blir ein del av ein kompetent organisasjon med solid erfaring, som har det beste utgangspunktet for vidare vekst, meiner Stian Vadla.
Personen Møgedal no er på leit etter bør trivast med sal, har teknisk interesse og vere god med folk. Ein ny leiar vil blant anna få ansvar for personal, økonomi og ha kontaktmed leverandørar og samarbeidspartnarar. I tillegg vil ein vere operativ i butikk og i verksemda sitt salsarbeid. Møgedal Mek. Verkstad har i dag ni tilsette, og omsette i fjor for i overkant av 42 millionar.