Møgedal Mek. Verkstad er klar for å flytte butikken ned i gata på Sand under Ryfylkedagane.

Møgedal er klare for Ryfylkedagane

Møgedal Mek. Verkstad er klare til å flytte butikken sin ned i gata på Sand under Ryfylkedagane. Her blir det rom for både drøs og handel.

I pinsehelga brakar det laus med ny utgåve av Ryfylkedagane. Då flyttar Møgedal butikken med seg ned til standen dei har ved den gamle ferjekaien på Sand.

– Her møter me mange som kanskje ikkje er innom butikken vår elles. Ryfylkedagane er ein flott festival der me får vist fram kva me tilbyr i butikken og der ein kan få ein god drøs med både gamle og nye kundar, meiner dagleg leiar i Møgedal, Leif Bakka.

På standen til Møgedal har dei både traktorar, automower, ATV, hagereidskap, motorsager og mykje anna kjekt.

– Me håpar flest mogleg kjem innom oss, me har gode tilbod denne dagen og er alltid klare for ein prat om gode råd til hage eller gardsarbeid, slår Leif fast.

Han er klar på at dei støttar Ryfylkedagane fordi dei ynskjer å vere med å styrke festivalen som er ein god møteplass i kommunen, og for bygdene elles.

– I år har også Ryfylkedagane mange arrangement rundt om i kommunen, det er kjekt, og viser at dette er eit fellesprosjekt for heile kommunen. Ryfylkedagane set Suldal på kartet, slår Leif Bakka fast.

Les programmet til Ryfylkedagane her!

Arkiv »