- Handlar du lokalt sikrar du både at butikkane våre overlever, i tillegg får du god service og tett kontakt med dei du handlar av, seier Leif Bakka
Stadig fleire av oss er bevisst på å handle lokalt, og bruke dei tilboda me har rundt oss. Kanskje har også denne spesielle tida gitt oss meir fokus på lokal handel.
Møgedal har alltid vore gode på sal og vedlikehald av køyretøy som snøscooter, ATV og traktor, i tillegg til reiskaper for landbruket. I dag har Møgedal Mek. Verkstad også eit stort utval av produkt og tenester til hytte, hage og hus.
- Handlar du automower eller andre reidskaper hjå oss får du god oppfølging og lokal service viss det skulle hende noko, seier Leif som kan sjå tilbake på ei påskehelg med god handel, der mange lokale har vore innom butikken.
- For oss er det veldig kjekt å sjå at dei som bur her også brukar butikkane våre, me håpar folk kjem innom for det dei treng til gardsdrift, hage, hus eller hytte no utover våren, slår han fast. Våren er ei travel tid for mange, no er det lemming og vårvinna for bøndene, medan andre byrjar å ruske opp i hagen, ryddar med skog rundt huset, plantar i blomebed, eller planlegg ny investering av plenklippar eller automower.
- Våren er ei hektisk arbeidstid for bøndene, vinnå står for tur, og ikkje minst lemminga. Bøndene får det dei treng til lemminga hjå oss, om det er Sprayfo, tuttar, hudvask eller krem. Me har og det bøndene treng av reidskaper og utstyr til vinnå. Velkommen innom for ein triveleg prat og ein god handel.