Dagleg leiar i Møgedal Mek.Verkstad, Leif Bakka gler seg til å opne dørene til ei ny utgåve av Møgedalsmarknaden 6.oktober.
Judith Sørhus Litlehamar

Klare til Møgedalsmarknaden

Laurdag 6.oktober er det klart for årets utgåve av Møgedalsmarknaden.

Dagleg leiar i A-K Møgedal Mek. Verkstad as, Leif Bakka, gler seg til å opne dørene til ein tradisjonell marknadsdag med god mat, handel, kåring av vèrlam, mønstring av føl, aktiviteter og varierte utstillarar. I fjor besøkte heile 2737 personar marknaden.

- Dette er den største marknadsføringsdagen vår, me gler oss til å skipe til ein triveleg marknadsdag for både gamle og nye kundar, fortel Bakka og viser til at det denne dagen er gode tilbod i butikken, og ikkje minst på auksjonen som bedrifta også arrangerer. Møgedalsmarknaden er blitt fast tradisjon for mange fastbuande og hyttefolk i kommunen.

- Dette er ein flott marknadsdag med mange utstillarar, auksjon og mykje kjekt for borna. Det er ein dag for heile familien, der ein treff mange kjende, slår Leif Bakka fast.

Som alltid går marknaden av stabelen den første laurdagen i oktober, og i år er det den profilerte og lune historieformidlaren Oddbjørn Lynghammar frå Røldal som er hovudgjest. I tillegg blir det aktiviteter for barn, loppemarknad og mange flotte utstillarar. Bakka dreg også fram samarbeidspartnarar som Suldal Sau og Geit, Sand Bygdekvinnelag,Bygdevon 4H og Ryfylke Fjordhestlag som er nokre av aktørane som gjer det mogleg å arrangere haustmarknad i Bergekrossen.

På marknaden er det gratis inngang, parkering og stand. Synlege vakter viser til kor ein kan parkere, og det går shuttelbuss frå gata og Garaneset.
Marknadsgjengen har også kontroll på kor mange besøkjande som kjem. Alle får nemleg billett i inngangsporten som dei seinare kan vinne ein flott premie på.

- Me gler oss til å opne portane for nok ein folkefest, avsluttar Leif Bakka.

Arkiv »