Røldølen Oddbjørn Lynghammar er godt kjent for sine lune og humorisitiske forteljingar, no kjem han til Møgedalsmarknaden.
Oddbjørn Lynghammar dreiv i mange år Røldal Skysstasjon, no er det nye krefter på Skysstasjonen og Lynghammar har endå betre tid til å reise rundt med historiene sine. Han kjem til Møgedalsmarknaden laurdag 6.oktober for å snakke om å drive næringsverksemd på bygdene, ein naturleg start på den historia er samkvemet som Røldal og Suldal både har hatt og framleis har, seier Lynghammar.
- Kommunesamanslåing med Suldal eller Odda var allerede i 1960-åra eit tema slår Lynghammar fast og peikar på at det blir varierte historier om livet på bygda denne dagen.