Norsk Luftambulanse

Julegåve til Norsk Luftambulanse

Møgedal Mek. Verkstad gir i år julegåva til Norsk Luftambulanse.

I staden for å gi ut gåver til alle tilsette og samarbeidspartnarar vil bedrifta i år gi 10.000 kroner i støtte til Luftambulansen.

-Dette var eit innspel som kom frå dei tilsette, som meinte dei hadde det dei behøvde og gjerne heller ville støtte ei god sak. Det syns eg er flott, og Norsk Luftambulanse er ein organiasasjon som bidreg med mykje positivt i heile landet. Me veit aldri når nokon rundt oss har behov for akutt hjelp, meiner dagleg leiar i Møgedal Leif Bakka.

Stiftelsen Norsk Luftambulanse er ein ideell organisasjon som jobbar for å flytte avansert livreddende medisinsk behandling ut til pasienten. NorskLuftambulanse AS er deira heleigde dotterselskap som leverer helikoptertenestar i både Noreg og Danmark. Målet er å kunne hjelpe menneske som treng det, over heile landet.

Midlane som Møgedal Mek. Verkstad gir i julegåve vil blant anna bli brukt til å styrke arbeidet med 113-appen i tillegg til eit GP-system som sikrarat pilotane klarer å manøvrere seg via luftkorridorar også i dårleg vêr, samt styrking av å bygge opp eit team med akutthjelparar landet rundt.

- Desse akutthjelparane er ofte heilt vanlege brannfolk som ofte er første person på plassen når det hende ulukker eller plutseleg sjukdom. Dei sisteåra har me kursa over 4000 brannfolk til å handtere slike situasjonar, seier marknadsjef i Norsk Luftambulanse, Erland Kroken.

- Slike gåver som Møgedal no gir betyr utruleg mykje for oss, me treng både dei små og dei store gåvebeløpa. Denne støtta er livsviktig for oss, ogi 2020 ser me at spesielt mange bedrifter bruker pengar på gode formål, i staden for julebord og sosiale samenkomstar som det er vanskeleg å få til no, meiner han.

Arkiv »