Laurdag 6. april brakar det laus med hagedag hjå Møgedal Mek. Verkstad.
Judith Sørhus Litlehamar

Hagedag hjå Møgedal!

Laurdag 6.april blir det hagedag hjå Møgedal Mek. Verkstad. Her blir det gratis mat, gode tilbod og inspirasjon til hagestellet.

På hagedagen til Møgedal Mek. Verkstad laurdag 6. april kan du få gode tips til korleis du best steller hagen din. Her får du sjå fleire modellar av robotklipparar, og ikkje minst gode råd om kva automower som passar din plen og din hage.


Kva jord og gjødsel dei ulike plantene og beda treng kan vere utfordrande for dei fleste. Hjå Møgedal får du tips og råd om korleis blomane og plantene dine får gode vekstvilkår slik at du får glede av dei gjennom sommaren. Denne dagen har gjengen på Møgedal også gode tilbod på både hagejord og gjødsel, her kan du gjere eit kupp på alt frå plantejord, kugjødsel, kalk, plenfrø eller dekkbark. Du får fem sekkar, men betaler kun for fire!

Møgedal spanderer også grillpølser, kaffi og noko godt å bite i denne dagen! Velkommen til ein triveleg hagedag! 

Arkiv »