Møgedal Mek. Verkstad gir årets julegåve til rasaksjonsgruppa Trygg Rv13 gjennom Suldal
Dagleg leiar hjå Møgedal Mek. Verkstad, Leif Bakka, fortel at årets mottakar av julegåva er ei viktig gruppe som no set rasfaren langs Rv 13 i Suldal på dagsorden. Bedrifta ynskjer å støtte arbeidet, og gir derfor julegåva på 10000 kroner til aksjonsgruppa for trygg riksveg gjennom Suldal.
-Rasfaren på denne strekninga er ein fare som heng over oss alle saman. Me har tilsette som pendlar denne vegen og me har kunder i heile regionen som me køyrer ut til. Naturlegvis tenkjer me og på alle andre som brukar denne vegen som sin pendlarvegtil skule og jobb. Det er på høg tid det blir gjort noko her, og difor er me glad for at denne aksjonsgruppa tar tak i det, seier Leif Bakka.
-Me ynskjer dei all lukke til på vegen mot Oslo, og den viktige jobben dei vil gjere der med å fortelje rikspolitikarane korleis vegstandarden er her inne.
Leiar i aksjonsgruppa, Hadle Eide Bakka, gler seg over julegåva frå Møgedal.
-Dette er viktig for oss og arbeidet vårt. Det er sjølvsagt viktig med det økonomiske bidraget, det bidreg jo til at me kan gjennomføre turen vår. Men minst like viktig er det signalet som Møgedal no sender, og at næringslivet viser at dei bryr segog er med på laget, meiner han.
Leif Bakka håpar også andre bedrifter kastar seg med og bidreg for å setje fokus på tunell på den rasfarlege strekninga.
-No må alle bidra slik at me kan vinne fram, avsluttar han.