Stian Espedal gir ut bok om slakting og skjering
Foto: Privat

Boksignering med Stian Espedal

Stian Espedal har lansert boka Slakting & skjæring, og 1.desember kl. 10 - 14 kjem han til Møgedal Mek. Verkstad for å signere bøker.

Praktboka tar for seg slakting og skjering av både sau, vilt, gris og storfe. I boka får ein tips til korleis ein kan slakte og partere dyret, i tillegg til mange gode oppskrifter som forfattaren sjølv har suksess med. Espedal er godt kjend for mange, han har jobba som slaktar hjå Nortura i 21 år, og held jamnleg kurs i slakting og skjering.

- Eg høyrer at folk brukar boka som eit oppslagsverk på korleis ein kan slakte, det er kjekt å høyre, seier Espedal som også håpar oppskriftene på blant anna lammeskank, lammerull eller indrefilet av kalv kan inspirere til gode matopplevingar på kjøkkenet.

- Det var ein bonde som sette meg på tanken sidan han meinte eg burde gi ut ei bok. Eg tenkte ei stund på den ideen, før eg tok kontakt med Jæren Forlag. Då ville eg i utgangspunktet gi ut ei bok om sauen, frå lemming til middagsbordet igrunn, fortel Espedal.

Redaktøren i forlaget meinte derimot at han hadde to ulike bøker på gang, og foreslo at han først gav ut bok om slakting og skjering.

- Det viste seg jo å vere ein god ide, boka om sau kjem den også, men du må gi meg nokre år, seier Espedal og smiler.

Forordet i boka er skrive av kokk Jørn Lien, som blant anna er med på å drive restauranten Våghals i Oslo, og dei flotte bileta er tatt av fotograf Halvard Bøe. Boka passar godt, både for den som er jeger, bonde, kokk eller berre generelt matinteressert. Kanskje dette blir årets julegåve?

Arkiv »