Belgtøttene med marknads-konsert

Belgtøttene skaper god, tradisjonell musikk-stemning. No kjem dei til Møgedalsmarknaden.

Belgtøttene er ei toradargruppe frå Vindafjord kommune som består av seks personar på torader og ein på bass/gitar. Dei speler både gamaldansmusikk og noko irskinspirert musikk.



Belgtøttene har holde på i mange år og har etterkvart spelt på mange ulike arrangement. Gruppa består av: Anne-Brith Skogen Haakull, Jan Husebø, Åse Jorunn Blikra, Synneva Langhelle, Roger Løkken ,Unni Marie Lien og Synnøve Hustveit.

Arkiv »