Foto: Marcel Leliënhof

Aasmund Nordstoga kjem til Møgedalsmarknaden

Visesongar og gardbrukar frå Vinje, Aasmund Nordstoga, kjem til den tradisjonsrike Møgedalsmarknaden på Sand i Suldal laurdag 5.oktober.

Her vil publikum få høyre mange av dei kjende og kjære songane til Nordstoga, i tillegg til at han som gardbrukar frå Vinje vil fortelje litt om sin kvardag som bonde.

Nordstoga har engasjert seg i klimaspørsmålet den siste tida,  og brenn for å skape vekst i distriktskommunar og landbruksnæring. Han har blant anna sjølv nyleg bygd nytt mjølkefjøs med mjølkerobot på heimegarden som han driv saman med familien.

Aasmund Nordstoga har vore i Suldal mange gonger, blant anna har han arbeidd som avløysar og vore på hjortejakt mange år i bygda.

- Det er alltid kjekt å kome til Suldal, og eg gler meg til å få med meg Møgedalsmarknaden, det blir første gongen eg er der, seier han.

Også i år blir det ein tradisjonell haustmarknad hjå Møgedal Mek. Verkstad med god mat, handel, kåring av vèrlam, mønstring av føl, aktiviteter og varierte utstillarar. I fjor besøkte heile 2670 personar marknaden.

- Me er glade for å få med oss Aasmund Nordstoga, han har mykje å bidra med, både musikalsk og ikkje minst ved å gi eit lite glimt av sin eigen kvardag som bonde i Vinje, fortel dagleg leiar i Møgedal Mek. Verkstad, Leif Bakka.

Arkiv »